Fredag gjekk Nordic Mining ut med meldinga om at dei hadde hyra inn Swedbank for «å utforske alternativer med hensyn til potensielle økonomiske eller strategiske investorer eller partnere», som heitte i pressemeldinga. Avisa Fiskeribladet Fiskaren var raskt ute med sak om at det no kunne gå mot sal av det mykje omtalte gruveselskapet som nyleg fekk regjerings-ja til å bruke Førdefjorden som eit sjødeponi for alle steinmassane og kjemikaliane som produksjonen av rutil vil generere som avfall.
Avviser sal
Men ifølgje Firda er det ingen planar om sal av selskapet.
– Vi riggar ikkje for eit sal. Det kan eg avkrefte. Vi har engasjert ein rådgjevar for å få råd om videre finansiering og strategiske alternativ. Det er ein naturleg veg å gå etter løyve til rutilutvinning, seier Lars K. Grøndahl i Nordic Mining til Firda.
Ikkje overtydd
Men i Naustdal SV er gruvemotstandar Åsmund Berthelsen slett ikkje overtydd. I ei pressemelding krev han meir informasjon frå Nordic Mining om framtidsplanane. Berthelsen trur sjølv at eit sal kan tvinge seg fram, basert på dei økonomiske utfordringane hjå Nordic Mining:
– Ifølgje Dagens Næringsliv har dei jo underskot etter andre kvartal og ingen inntekter. Og dei har ei kontantbehaldning på 6,5 millionar kroner som er nok til å greie seg ut året på, trur Berthelsen.
Godt stykke att
SV-politikaren er også kritisk til at Nordic Mining i pressemeldinga si fredag snakkar som om dei har alle naudsynte løyve til å starte drift.
– Etter det eg kjenner til at dei ikkje godkjende utsleppsløyve for alle typar stoff dei har tenkt å bruke i produksjonen. Dei manglar også løyve til å ta i bruk ei vasskjelde for å sikre seg produksjonsvatn, så dei har eit godt stykke att til realisering, meiner gruvemotstandaren.
Ifølge siste kvartalsrapport fekk Nordic Mining eit resultat på minus fire millionar kroner før skatt i andre kvartal i 2015, mot eit resultat på minus 10 millionar kroner i same periode året før.