Nordgulen Høgt og Lågt i Svelgen

Nordgulen Høgt og Lågt 2011 i Svelgen. Ein spent Erlend Sagmo Nigardsøy (2) fekk ekte Spiderman ansiktsmåling.

Nordgulen Høgt og Lågt 2011 i Svelgen. Ein spent Erlend Sagmo Nigardsøy (2) fekk ekte Spiderman ansiktsmåling. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

I helga 26-28. august vart Nordgulen Høgt og Lågt arrangert i Svelgen. Mange folk trossa det dårlege vêret, og koste seg på dei forskjellige aktivitetane som fanst.

DEL

I år var det fjerde gong Nordgulen Høgt og Lågt var arrangert. I komiteen som består av berre fem personar er Per Arne Sæterlid, Asle Førde, Gabriel Ossenkamp, Leo Cirotzki og Jostein Eimhjellen. Målet er å få folk ut og i aktivitet. Etter nokre år, har arrangementet funne ein form som har fokus på utandørs aktivitet i sentrum av Svelgen.

Av aktivitetar kan nevnast fiskekonkurranse, flåtebygging, fem athlon, bogeskyting, bruskasseklatring, grilling på hotellet, forskjellige stands med frivilige organisasjonar. Sidan det også er valår i år, hadde dei politiske partia stand, og var klare til diskusjon.

Artikkeltags