Nora Oleanna fekk kunstnarstipend

Nora Oleanna Sårheim under framsyninga "Operahistoria passerer i revy" på samfunnshuset tidlegare i år.

Nora Oleanna Sårheim under framsyninga "Operahistoria passerer i revy" på samfunnshuset tidlegare i år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Florøs eiga operadiva, Nora Oleanna Sårheim, er ein av dei heldige som får stipend frå staten i år.

DEL

Utvalet for statens stipend og garantiinntekter har delt ut 882 stipend til kunstnarar over heile landet. Utvalsleiar Trude Gomnæs Ugelstad seier at stipendordninga er viktig for å bygge opp kunstnarar av høg kvalitet.

– Stipendordningane er eit av våre viktigaste verkemiddel for å bygge fleire kunstnarskap av høg kvalitet innanfor alle kunstfelt. Stipenda gir økonomisk rom for å fordjupe seg og vidareutvikle sine kunstnarskap. Kunstnarstipenda er for staten ein rimeleg investering som ikkje berre er viktig for kunsten i seg sjølv, men som også har stor betydning for at publikum skal møte eit bredt kunst- og kulturtilbod i heile landet.

Utvalet fekk i år inn over 8400 søknadar, som har vorte behandla i 23 ulike komitear. Tildelingsprosenten alle søknadar under eitt er 10,4 prosent. Det er med andre ord eit relativt trongt nålauge å komme igjennom.

Årets stipend går til eit vidt spekter av kunstnarar får heile landet. Frå scenografar og skulptørar, til folkekunstnarar og performance-kunstnarar. Og altså Nora Oleanna Sårheim, som har fått tildelt eit so kalla diversestipend for nyutdanna kunstnarar. Stipendet er på 90.000 kroner.

Artikkeltags