Nok eit utval

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Jorunn Ringstad frå Askvoll skal leie Navarsete sitt siste skrik innan offentlege utval.

DEL

Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, Askvoll, er i statsråd i dag oppnemnd som leiar av eit offentleg utval som skal utgreie behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen.

Utvalet skal ta for seg tilsynsoppgåver som er knytte til tryggleik på vegnettet. Arbeidet til utvalet bør avgrensast til utbygging, drift og vedlikehald av infrastrukturen, det vil seie vegsystemet, medrekna bruer og tunnelar.

Innan utgangen av 2008 skal utvalet til Ringstad leggje fram innstillinga si, i form av ei offentleg utgreiing.

- Utgreiinga til utvalet vil vere eit viktig grunnlag for å sikre at organisering og ressursbruk skjer på ein måte som best mogeleg styrkjer tryggleiken på vegane, heiter det i meldinga frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Artikkeltags