No skal Florø få eiga sandstrand

FAMILIESTRAND: Espen Lothe og Marie Kronen Tverranger frå velforeninga på Nordalsmarka, marknadsleiar Nina Hovland Liseth frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Magne Hovland jobbar for familiebadestrand på Sørstrand.

FAMILIESTRAND: Espen Lothe og Marie Kronen Tverranger frå velforeninga på Nordalsmarka, marknadsleiar Nina Hovland Liseth frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Magne Hovland jobbar for familiebadestrand på Sørstrand. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Eldsjeler står i spissen for ny badestrand i Florø, og lovar opningsfest av Sørstrand Familiebad til St. Hans.

DEL

Til jonsok inviterer dei alle i Florø til grillfest og opning av ny familiebadestrand.

– Dette skal vi greie, lover initiativtakar Magne Hovland.

Med Nordalsmarka velforeining som fadderar for prosjektet, 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane til sand, og lovnader om pengar frå andre kjelder, er dei klare for å kalle nabolag og heile Florø til dugnadsinnsats og pengeinnsamling.

Dei har sikra seg velvillig løyve frå grunneigar Flora kommune og Vidar Vårdal i KF Flora Bustad og Eigedom til å gå i gang.

Og skulle du ha 100 kroner å gje til aksjonen, er dette nok til å kjøpe endå 25 bytter med sand.

Folkebad

– Berre pengane og innsatsen set grenser for kor stort strandområdet kan bli, seier Hovland.

Han ønskjer å få det heile i gang som florøfolkets eige prosjekt, utan for mykje byråkratisk innblanding og mas på Flora kommune.

Så får heller kommunen komme etter seinare og hjelpe til med sanitærhus og parkeringsplass.

– Vi har nok pengar til å legge ut sand i sjøen og sjøkanten i eit passeleg stort område.

Hovland har hatt kontakt med fleire fagfolk og imøtegår fort dei som meiner at badeplassen vil ligge for vêrhardt til.

Vindskjerm

– I bakkant av badestranda skal vi bygge ein voll som vil ta av mykje for nordavinden. Øya utanfor vil skjerme for vind frå sør og vest, forklarer han.

– Florø har lenge mangla ei skikkeleg badestrand. Her har vi ein stor sjanse til å gjere noko for alle i Florø, men også for turistar og andre som kjem på besøk om sommaren, seier Espen Lothe i Nordalsmarka velforeining.

Han er sikker på å få store delar av nabolaget med på dugnad.

Det meste av arbeidet blir å rydde opp og fjerne skrot, før Thomas Terøy kjem til med bilane sine fullasta med sand for å legge utover.

Følg med!

Følg utviklinga til familiebadeplassen på Kystpuls.no .

  • Du kan støtte badestrandprosjektet med å betale inn til konto: Sørstrand Familiebadestrand 3705.15.87600

Vil du vere med å støtte prosjektet på andre måtar, til dømes gjennom dugnad?

Meld di interesse i kommentarfeltet under, eller ta kontakt med Magne Hovland!

Har du idear, tips eller meiningar om prosjektet kan du også legge dei inn i kommentarfeltet!

Artikkeltags