No kjem det boss- dunk på Sørstrand

Slik dåg det ut på Sørstrand tysdag føremiddag.

Slik dåg det ut på Sørstrand tysdag føremiddag. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Den nye badestranda på Sørstrand har blitt veldig populær. Alle er ikkje like flinke til å rydde opp etter seg. Men no kjem søppeldunken.

DEL

Firdaposten fekk tysdag tips frå badegjester om at ikkje alle hadde tatt ansvar og rydda opp etter seg etter at dei hadde vitja stranda på Sørstrand. Det flaut med boss på den nye sandstranda.

– Folk har sett i stand dette på dugnad, og det er ei fantastisk strand som alle må kunne få bruke. Då er det leitt at folk øydelegg og forsøplar, seier Erling Ottesen og Hilde Johansen som var på badetur med ungane Peter Odin og Imre Tobias.

Dei måtte rydde bort ein sju-åtte eingongsgrillar, badetøy, flasker, ølboksar og anna boss før dei kunne nyte sommardagen.

Då Firdaposten snakka med tenesteleiar for teknisk drift Reidulf Refsnes onsdag morgon hadde han akkurat fått melding om søppelet. Han kunne love at ein bossdunk skulle komme på plass raskt.

– Det vil bli gjort kanskje allereie i dag. Det blir ein stor 160-liters dunk, fortel Refsnes.

Artikkeltags