No går han for kongepokal

Av

Etter ei lang rekkje sterke prestasjonar tek Øyvind Strømmen Kjerpeset seg som mål å kjempe om kongepokalen i NM.

DEL

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Han står fast på at han er ein 400-meter hekkeløpar, men fredag smadra han kretsrekorden på 100 meter og 200 meter og har berre sprintkongen Jaysuma Saidy Ndure føre seg i landet.

Øyvind Kjerpeset (21) har i helga sprunge under stemnet Norway Games. Dette er siste opplading til NM neste helg. Kjerpeset deltok på øvingane 100 meter, 200 meter og 300 meter. Han sat ny personleg rekord i alle distansane, og sat i tillegg krinsrekord på 100 og 200 meter. 100 meteren gjorde Florø-guten unna på utrulege 10,43. Den tida gjer at det berre er toppsprintaren Jaysuma Saidy Ndure frå Norge som har vore raskare enn Kjerpeset i år. 200 meteren var ikkje stort dårlegare. 20,98 er også ny krinsrekord, Kjerpeset viser at forma verkeleg er på plass. 300 meteren blei målt til 33,45 sekund.

.- Dette var nesten litt ekstremt. Eg hadde håpa at om alt klaffa, så skulle eg komme ned mot 10,50. Men 10,43 var over all forventning, sa Øyvind Kjerpeset etter 100 meteren, som han sprang på fredags kveld.

Han følgde opp med å seie at han håpte på ei tid under 21-blank på 200 meteren. Det greidde altså florøværingen, med knappast mogleg margin.

- Eg klarte å springe under 21-blank, som var målet mitt. Det er utruleg kjekt å vere i så god form som eg er no, fortalde 21-åringen.

Artikkeltags