Gå til sidens hovedinnhold

No blir dei filmstjerner

Artikkelen er over 7 år gammel

Hjortekolla Rikki, matfar Johan Trygve Solheim og miljøet rundt Svanøy Hovedgård står sentralt når NRK viser filmen "Med hjarte for hjorten" 11. september.

11. september kan du benke deg framfor tv-skjermen og følgje Johan Trygve Solheim gjennom eit heilt år på Svanøy og Norsk Hjortesenter. Det er selskapet Corax Film ved fotograf og produsent Magne Helge Sleire som har følgd hjortehøvdingen på jobb i inn- og utland gjennom eit heilt år, og filmen teiknar også eit bilete av Solheims pionérarbeid innan norsk hjorteforvaltning dei siste 20 åra. Det stiller også spørsmålet: Kva får ein mann til å vie heile livet sitt til hjorten, slik Solheim har valt å gjere.

Unike Rikki

Ei av hjortekollene, Rikki, har ein sentral plass i produksjonen. Ho er 21 år gammal, og har følgd Johan Trygve Solheim gjennom heile perioden som Hjortesenteret har eksistert.

I filmen får du eit innblikk i alle hjortelivets fasilitetar og dei ulike rollene Solheim har - som hjortefarmar, jeger, kunnskapsformidlar og fotograf. Og ikkje minst Solheim si misjonering for hjorten som råvare på tallerkenen.

Førehandsvisning på Svanøy

Ein del av øyfolket, samt støttespelarar til Svanøystiftinga, gode hjelparar og andre ekstra hjorteinteresserte får sjansen til å tjuvtitte på filmen i forkant. Dagen før tv-premieren blir det eksklusiv framsyning ute på Svanøy, der Bistro To Kokker som i dag står for den daglege drifta av Hovedgården, byr til filmvising med gourmetmat på kjøpet.

Kommentarer til denne saken