Samlar IT-næringa i fylket i eitt nettverk

Nicolas Iannone

Nicolas Iannone Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

IT-næringa i fylket sitt svar på nettverksbyggaren Maritim Forening, TechHub, har faktisk eksistert sidan 2015. Det har også arrangert fleire såkalla sofamøte. Men i det siste har TechHub blitt meir og meir relevant. No trer det for alvor fram frå skuggane. Framover vil Nicolas Iannone i TechHub invitere fleire og fleire til sofamøte og mindre formelle nettverkssamlingar.

– Det har skjedd ei vanvittig utvikling innan IT berre dei siste to åra, og meir kjem det til å bli framover. Det er berre å sjå på korleis fleire og fleire innan banknæringa blir IT-utviklarar, korleis digitaliseringa utviklar seg både statleg, regionalt og kommunalt. For ikkje å snakke om digitaliseringa innan helsesektoren, seier Nicolas Iannone.

Han ser verdien i å knyte nettverk mellom desse kompetansemiljøa, for – slik Maritim Forening har klart med sine medlemmer – å gjere næringa sterkare saman. TechHub ønsker også å fjerne kommunegrensene når ein tenker IT-næringa i fylket.

– I dag er all IT-kompetansen i Sogn og Fjordane veldig spreidd, men ser vi den totale kompetansen er den veldig stor. Berre i Florø arbeider kring 40 tilsette innan IT, i fylket har vi også Lefdal Mine/Localhost, Rocket Farm, Hellenes i Førde, Steinsvik, Helse Førde og Pixelwerk, berre for å nemne nokre få. TechHub ønsker ikkje å samlokalisere alle desse, men å vere eit forum der ikkje berre IT-folk, men også politikarar, næringslivsaktørar og alle innan IT-bransjen kan bli meir kjende med kvarandre, sette oss ned og diskutere moglegheiter og løysingar, presiserer Iannone.

TechHub kjem ikkje til å ha medlemsbedrifter, strekar han under.

– Nei, dette skal bli eit uorganisert nettverk. Når ting blir for strukturert, hevar vi terskelen for å ta kontakt, seier Iannone.

Artikkeltags