Sjå video: Maria Parr besøkte Florø og Byakvariet

    FLORØ: Den kjende og kjære barnebokforfattaren frå Fiskå møtte fans i alle aldrar i Florø denne veka

    DEL

    Maria Parr har blitt samanlikna med Astrid Lindgren, og vunne fleire priser for sine barnebøker. No er ho ute på ein liten forfattarturné, og onsdag i denne veka la ho turen innom Florø og Byakvariet/Newtonrommet. Der svarte ho på spørsmål, signerte bøker, og las nokre kapittel frå den nye boka si, «Keeperen og havet».

    Parr debuterte i 2005 med «Vaffelhjarte», som seinare også blei til ein populær TV-serie. Det verkeleg store gjennombrotet kom med «Tonje Glimmerdal» i 2009, og så kom altså «Keeperen og havet i fjor».

    – Eg har vore forfattar i 13 år, og gitt ut tre bøker, så eg er nok Norges treigaste forfattar, men eg synest det er vanskeleg å skrive utan at eg har noko eg vil seie, fortalde Parr til ein lydhøyr forsamling som gjerne ville vite når neste bok kom. Det fekk dei ikkje noko svar på.

    Parr fortalde levande om korleis det var å gå i lydstudio for å lese inn boka si for første gong, korleis den siste boka blei til, og mykje anna spennande rund bøkane sine, før ho las tre kapittel frå «Keeperen og havet» om Trille, Farfar og noko som kanskje var verdas største kveite. Det var både spennande, og kanskje litt skummelt, og etterpå fekk barna sjå kveite i akvariet til Monicha Landøy. Den var heldigvis ikkje like stor.

    Det var Svanøy Folkeakademi som sto bak arrangementet, og øvst i saka kan du sjå ein liten videosnutt frå besøket.

    Artikkeltags