Gå til sidens hovedinnhold

Neppe kvit jul i Flora og Bremanger

Artikkelen er over 13 år gammel

Klikk og sjå kva meteorologane trur om veret fram til julaftan.

Heller ikkje i år kan ein vente seg kvit jul langs kysten av Sunnfjord. Etter ei helg og ein måndag med brukbart ver, kanskje nokre regnbyer, vil veret bli både mildare og dårlegare i veka før jul.

Skya opphaldsver, iblanda regn og med temperaturar mellom to og fem grader er spådomen frå Norsk meteorologisk institutt. Trøysta er at det blir rolege vindforhold, og i løpet av neste helg er det betring i vente.

Sjølve julaftan spår ekspertane at ein jamvel kan få sjå gløtt av sol. Men den vil garantert ikkje skine over snølagte bøar. Meir om juleveret finn du på desse sidene.