Vestlandspolitikarane kjempar for oppdrettsgründerar

HAVLILJA: Slik ser Nekst sin nedsenkbare merd «Havlilja» ut.

HAVLILJA: Slik ser Nekst sin nedsenkbare merd «Havlilja» ut. Foto:

Kravet er at regjeringa skal gi gründerane lov til å sats på miljøvennleg oppdrett.

DEL

Martin Ramsdal i Nekst synest politikarane bør sette seg nøye inn i saka når det handlar om investeringar på tre milliardar kroner og eit hundretals arbeidsplassar, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Selskapet har søkt om til saman 16 utviklingskonsesjonar i Askvoll og Solund, men har så langt berre fått to. Det meiner dei ikkje er nok til å drive lønsamt, og dermed står prosjektet i fare.

Saka er klaga inn til fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp), og dei har med seg mange politikarar på laget - ein av dei er Terje Søviknes. Søviknes seier han har jobba tett med Gunhild Berge Stang om prosjektet. Stortingsrepresentant Tore Storehaug frå KrF og resten av Sogn og Fjordane-benken på Stortinget har også stilt seg bak gründerane i Nekst.

Fiskeridepartementet har ikkje ønska å kommentere saka overfor NRK, ettersom den er til klagebehandling.

Artikkeltags