Fredag kom meldinga om at Fiskeridirektoratet vende tommelen ned for14 av dei 16 utviklingskonsesjonane som oppdrettsselskapet Nekst har venta i snart to år på å få, og som er ein nøkkelfaktor for å få til den planlagte tremilliardars-investeringa i Florø.

– Om vedtaket på to konsesjonar blir ståande, står det som kunne ha blitt den største industrisatsinga i Sogn og Fjordane i fare. Nekst er positivt til at behandlinga held fram, og vi vil i dialog med direktoratet leite etter løysningar for å kunne realisere prosjektet i ei akseptabel form, skriv initiativtakarane Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst i ei pressemelding.

Utviklingskonsesjonane handlar om den delen av lakseproduksjonen som fører fram til slakteklar fisk, etter at fisken først blir avla fram til rundt 2,7 kilos vekt på land. Utan nok volum på den havbaserte delen av produksjonen, vil heile prosjektet stå i fare.

– Finn vi ikkje en akseptabel løysning med Fiskeridirektoratet, vil vedtaket påklagast, seier Kjell Audun Aasen frå Nekst.