Dei har skrive protest til kommunen og forventar at vedtaket om å døype vegen gjennom bygda for Osenvegen blir handsama på ny.

Vedtaket frå 20. oktober i kultur- og oppvekstutvalet vart påklaga av oppsitjarane i Svardalen den 4. november, godt innafor ein 3-vekers klagefrist.

- Osen er berre ein gard her i Svardalen, som det til overmål ikkje bur folk på meir enn ein kort periode i året. I Osen er det stort sett svart i husa. Her i bygda kallar vi staden for Svardalsosen, forklarer talsperson Elisabeth Ellingsund.

Ho vil insistere på at vegen må heite Svardalvegen, sidan alle fastbuande i området bur i Svardalen.

Neste møte i kultur- og oppvekstutvalet er ikkje før i februar, men saka er venta å kome opp i bystyret i morgon.