Arbeidsløysa går ned

Tore Thorsnes, direktør NAV Sogn og Fjordane

Tore Thorsnes, direktør NAV Sogn og Fjordane Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I april er det 15 færre arbeidslause i Sogn og Fjordane enn i same månad i fjor.

DEL

– Sjølv om reduksjonen er liten, er det ei positivt utvikling. Sist arbeidsløysa gjekk ned var i mai i fjor, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding frå NAV som Firda viser til.

Han opplyser at dei har god tilgang på ledige stillingar, og situasjonen på arbeidsmarknaden i fylket er meir positiv enn på lenge.

– Industri og reiseliv nyt godt av låg kronekurs og aktiviteten innan bygg og anlegg er aukande. Vi ser også at bedrifter som har levert til oljeindustrien er flinke til å omstille seg til nye marknadsområde. Oljekrisa har såleis i liten grad påverka statistikkane våre så langt i 2016, seier Thorsnes.

Lågast i landet

Ved utgangen av april er det 1204 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,1 prosent av arbeidsstyrken og er lågast i landet saman med Oppland.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 5835 personar (7 prosent) frå april i fjor. Det er no 85 471 heilt ledige, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrken. Vestlandsfylka, med unnatak av Sogn og Fjordane, og Agder-fylka står for det meste av auken.

Store skilnader

12 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i april. Størst reduksjon har Vågsøy med 43 færre ledige enn på same tid i fjor og Stryn med 34 færre ledige.

Lågast arbeidsløyse finn vi i Leikanger med 0,6 prosent, Solund med 0,7 prosent og i Hornindal og Gloppen, begge med 0,8 prosent. Selje med 5,3 prosent, Hyllestad med 4,4 prosent og Flora med 4,3 prosent, har høgast arbeidsløyse. Flora og Hyllestad er kommunane i fylket der høge arbeidsløysetal er direkte knytt til oljekrisa.

Stabilt i industri, bygg og anlegg

Talet på heilt ledige innan industri og bygg og anlegg er uendra frå april i fjor. Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan kontorarbeid og butikk- og salsarbeid, som har høvesvis 11 og 22 færre ledige enn i april i fjor. Innan ingeniør- og ikt-fag er det ein auke på 15 personar, mens reiseliv og transport har ein auke på 14 (det meste av dette er kokkar og sjøfolk i tilknyting til oljeindustrien).

I april er det 209 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, fem fleire enn i same månad i fjor. 109 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 84 frå fiskeindustri, mens 55 kjem frå bygg og anlegg.

Positivt for innvandrarar

Talet på heilt ledige innvandrarar frå ikkje-vestlege land er redusert med 49 personar frå april i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 19 prosent. Reduksjonen er størst blant innvandrar som jobbar i butikk, bygg og anlegg og helse, pleie og omsorg.

– Innvandrarar er ofte mellom dei første som må gå når arbeidsmarknaden forverrar seg, så det er positivt at mange i denne gruppa no kjem i jobb att, seier Thorsnes.

Her er april-tala for kommunane i Sogn og Fjordane

  Tal ledigeProsent av arbeids-styrkenEndring   frå i fjor i talEndring   frå i fjor prosent
I alt Sogn og Fjordane 1 2042,1-15-1
 Flora 2654,35023
 Gulen 221,815
 Solund ****
 Hyllestad 314,420182
 Høyanger 532,5-10-16
 Vik 201,4318
 Balestrand 111,6-5-31
 Leikanger 70,6-6-46
 Sogndal 621,435
 Aurland 151,600
 Lærdal 191,6319
 Årdal 371,3-10-21
 Luster 461,71444
 Askvoll 241,629
 Fjaler 181,3213
 Gaular 191,216
 Jølster 181,1-11-38
 Førde 1111,51212
 Naustdal 271,81059
 Bremanger 814,2-8-9
 Vågsøy 1153,8-43-27
 Selje 755,31219
 Eid 351,1-12-26
 Hornindal 50,8-1-17
 Gloppen 240,8-1-4
 Stryn 611,6-34-36

Artikkeltags