Ein av tre har vore utan arbeid dei siste ti åra

Slik har utviklinga i arbeidsløysa vore dei siste ti åra i Sogn og Fjordane.

Slik har utviklinga i arbeidsløysa vore dei siste ti åra i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ingen har færre arbeidsledig enn Sogn og Fjordane. Likevel har ein av tre i fjordfylket vore utan jobb dei siste ti åra.

DEL

Dette kjem fram i ein statistikk utarbeidd av NAV i Sogn og Fjordane som Firda viser til.

– Det viser at det å vere arbeidsledig i ein periode er noko som skjer med ganske mange i løpet av livet, seier NAV-direktør i fylket med landets lægste arbeidsløyse, Tore Thorsnes.

Han meiner det å bli arbeidsledig ikkje fører til store vanskar for dei aller fleste.

Opnar nye moglegheiter

– Tvert i mot gir det nye moglegheiter for mange. Problema oppstår først når ein går lenge utan å få ny jobb, seier Thorsnes i ei pressemelding frå NAV.

Her blir det også vist til ferske statistikkar for arbeidsledige ved utgangen av mars, ein statistikk som viser at det blir stadig færre arbeidsledige i fjordfylket. Ved utgangen av mars var det 188 færre arbeidsledige i Sogn og Fjordane, samanlikna med same månad i fjor. Statistikken viser også at berre Oppland har like prosentvis like låg arbeidsløyse som her i fylket, 1,9 prosent.

Betring på Vestlandet

– Den positive utviklinga held fram, og vi ser i tillegg at situasjonen for dei andre vestlandsfylka er i ferd med å snu. I Rogaland er det 738 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor, seier Thorsnes.

Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane

Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane Foto:

Størst nedgang i Førde

Her i fylket var det 1120 heilt ledige i utgangen av mars, og nedgangen frå same tid i fjor er på heile 14 prosent. Og nedgangen er størst i Førde og Flora med høvesvis 52 og 39 færre ledige.

Nedgangen er størst innan bygg og anlegg og industri, som begge hadde ein reduksjon på 41. samstundes er det klart at desse bransjane har flest arbeidsledige, 50 i bygg og anlegg, 91 i industrien der fiskeindustrien åleine står med 74 ledige.

Artikkeltags