Person henta opp etter at traktor hamna i elv

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Alle naudetatar rykte ut til Redal i Naustdal.

DEL

Like før klokka 10.00 søndag melde Vest politidistrikt at ein traktor hadde hamna i ei elv og at ein person var henta opp.

Ulukka har skjedd i Redal og ifølgje Alarmsentralen fekk dei melding om hendinga klokka 09.08.

Brannvesenet var på plass like før halv ti, opplyser Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen.

– Vi fekk først melding om at traktoren var hamna i elva, men at mannen ikkje var funnen. Vi sette inn store ressurssar og kalla ut mannskap frå Måløy og Bergen, seier innsatsleiar Joachim Malterud.

– Skrekken var at han skulle bli ført med elva ut i sjøen og kanskje aldri bli funnen, seier Malterud.

Men då froskemenn frå Luftambulansen kom til staden, vart mannen ganske fort funnen. 

Ifølgje Malterud har han køyrt frå gardstunet og ned til elva, og der fører traktorspora rett utfor i elva.

Då dykkarar og luftambulanse kom på staden, vart mannen fort funnen. Det vart sett i gong hjarte- og lungeredning på staden.

Politiet opplyser at mannen i 80-åra stadfesta omkomen.

Det var ingen vitne til ulukka.

Artikkeltags