Her skal Statens vegvesen måle farta di, og avgjere om fartsgrensa skal ned

Vil ha redusert fartsgrense på fylkesveg 5 gjennom Naustdal.

Vil ha redusert fartsgrense på fylkesveg 5 gjennom Naustdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Statens vegvesen skal ha fartsmålingar på brua over Nausta i sommar. Deretter skal dei vurdere om 70-sona bør senkast.

DEL

Det skriv Statens vegvesen i eit brev til kommunen, ifølge Firda.

Fleire har tidlegare reagert på kor skummelt det er å krysse riksveg 5 på denne brua. I april bad Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Naustdal om at det blei utført tiltak for å betre forholda på fortaua på brua og for kryssing av vegen.

Dei peikar på at brua er dårleg vedlikehalden og har mangelfull brøyting om vinteren. I tillegg ber dei om at fartsgrensa blir sett ned.

Statens vegvesen skriv til kommunen at før dei vil gjere ei vurdering av fartsgrensa, kjem dei til å gjennomføre fartsmålingar.

– Eventuelle tiltak for kryssing av veg blir påverka av fartsgrense og -nivå, og det vil såleis verte gjort vurdering av dette saman med fartsgrensa, skriv Statens vegvesen.

Fartsmålingane skal dei gjere denne sommaren, og dei kan komme med ei vurdering av fartsgrensa etter at resultata av fartsmålingane er klare.

– Når det gjeld utbetring av fortau på brua på rv. 5 over Nausta, er vi inne i ein prosess for å vurdere kva som kan gjerast, skriv dei vidare.

Les meir om riksveg 5 over Nausta i Naustdal:

Fotgjengarar kvir seg for å krysse vegen. No kan fartsgrensa gjennom Naustdal bli endra 

Etterlyser stoppskilt og rekkverk: – Eg har sett fleire hamne i elva 

Artikkeltags