Naustdal ute av ROBEK

UTE AV ROBEK: – Arbeidstakarane har gjort ein fantastisk innsats. Vi er veldig glade og takknemlege for det, seier Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal.

UTE AV ROBEK: – Arbeidstakarane har gjort ein fantastisk innsats. Vi er veldig glade og takknemlege for det, seier Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Etter at kommunen fekk dekt inn tidlegare års underskot, kom gladmeldinga: Naustdal er ute av ROBEK.

DEL

– Vi hadde om lag åtte millionar i overskot på drifta i 2017. Då betalte vi ned underskotet vi hadde i 2013, og sat igjen med om lag 5,3 millionar kroner, seier Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal til Firda.

– Fantastisk innsats

Han fortel at grunnen til at dei no er ute av ROBEK-registeret er god økonomistyring.

– Og arbeidstakarane har gjort ein fantastisk innsats. Vi er veldig glade og takknemlege for det, seier han.

Dei kom inn i registeret i 2016 etter at dei hadde eit underskot i 2013 på om lag 2,5 millionar.

– Det fekk vi ikkje dekka inn på to år, og då kjem ein inn under ROBEK, seier han.

Nytt lån på 18 millionar

Totalinvesteringane til kommunen i 2018 kjem på 36 millionar kroner. 18 av desse kjem frå eit nytt lån. Resten kjem frå unytta lånemidlar.

– Desse investeringane er mellom anna spesialromsfløy og klasserom til Naustdal barne- og ungdomsskule på 21 millionar og tiltak på Naustdal sjukeheim på 4,5 millionar. Vi skal også ruste opp gamlebrua for om lag 3 millionar og så har vi vegopprusting på 900.000, seier Myrvang.

Kva er Robek?

Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

Om ein er på denne lista, må ein ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å føreta gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Per 19. juli er 21 kommunar registrert i ROBEK. I fylket er det no berre Bremanger som er registrert. Ingen fylkeskommunar er på lista.

Kjelde: Regjeringen.no

Artikkeltags