Er jegeren i ferd med å bli uglesett?

NYTT VILTSEMINAR: Jakta si framtid, forvaltning av viltet, grunneigaren si rolle og dyresjukdommar er nokre av mange tema som blir belyst 15. og 15. mars i Florø.

NYTT VILTSEMINAR: Jakta si framtid, forvaltning av viltet, grunneigaren si rolle og dyresjukdommar er nokre av mange tema som blir belyst 15. og 15. mars i Florø. Foto:

Av

FLORØ: Er jakt og hausting i ferd med å misse sin aksept i den ikkje-jaktande befolkninga? Og kor mykje veit eigentleg grunneigaren om sine pliktar og rettar når det kjem til å forvalte viltbestandar? 15.-16. mars i Florø får du svaret på desse og mange andre spørsmål.

DEL

Det er snart klart for årets viltseminar i regi av Norsk Hjortesenter, Bondelaget i fylket og NJFF Sogn og Fjordane. 15. og 16. mars kjem ei rekkje fagfolk og ekspertar til Florø og Quality Hotel, der eit rikhaldig program er sydd i hop. Seminaret står ikkje lenger berre i hjortens teikn. Dei siste åra har hjorteseminaret utvikla seg til eit viltseminar, der tematikk rundt andre viltartar, småvilt inkludert, også får plass på dagsorden.

Tradisjonelt har jaktutøving og hausting av naturleg overskot hatt sterk aksept i den norske befolkninga. Undersøkingar har vist at over 70 prosent har hatt eit positiv haldning. Men dei seinare åra, kanskje i takt med urbanisering og nye innfallsvinklar til naturforståing, har andelen positive vore synkande. Steile frontar i diskusjonane om rovviltforvaltning har også påverka utviklinga, og no blir dette tema på årets seminar.

– Vi ønskjer å sjå på haldningane til jakt i befolkninga og korleis vi bør forhalde oss til dette, til dømes korleis ein del jegerar brukar sosiale media for å publisere jaktopplevingar, som vi veit mange reagerer negativt på, seier Johan Trygve Solheim på eigne nettsider.

Til seminaret kjem også ein av landets fremste naturfotografar og filmskaparar, Arne Nævra. Men han kjem ikkje kun for å vise vakre bilete. Nævra ønskjer også å spele opp til debatt rundt spørsmålet om vi kanskje er på ville vegar når det gjeld å forvalte hjorteviltbestandane våre, og det blir debatt om dette temaet etter filmen.

Tradisjonen tru er det seminarstart fredag, med påfølgjande festmiddag, før det heile rundast av med meir føredrag om ulike tema på laurdagen.

Heile programmet og påmeldingsinformasjon finn du på Norsk Hjortesenter sine nettsider.

Artikkeltags