Nasjonal dugnad med strandrydding

Jan Henrik Nygård og Magne Hovland er eldsjeler bak Sørstrand Folkepark.

Jan Henrik Nygård og Magne Hovland er eldsjeler bak Sørstrand Folkepark. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Laurdag 17. september vert den nasjonale strandryddedagen arrangert for første gong, som del av ei internasjonal rørsle.

DEL

Søppel på strendene er «herrelaust» avfall og representerer eit stort problem for dyrelivet og naturen.

Flora kommune i samarbeid med Sørstrand Folkepark står som arrangørar, og vil ha ein base med konteinar, søppelsekker og hanskar på Sørstrand. Anders Espeset, arealplanleggar i kommunen, oppmodar folk om å møte opp og ta med seg litt utstyr, som jernrive, hagesaks og spade.

– Dette er eit nytt tiltak, så vi prøver oss litt fram no i første omgang. Vi tek i første rekke sikte på å rydde strendene rundt Sørstrand, men med mykje folk vil vi kunne spreie oss vidare. Vi oppmodar elles folk om å rydde i sitt eige nærområde. Få med deg nabolaget, bruk eit par timar og få rydda opp langs strendene, seier han.

Artikkeltags