Nytt ecstasy-beslag, denne gongen i Sogn

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

ÅRDAL: Ein politiaksjon i Årdal fredag førte til beslag av mange typar narkotika, mellom anna ecstasy.

DEL

Politiet i fylket gjer mange narkotikabeslag for tida. Fredag vart det ifølgje NRK Sogn og Fjordane gjort eit nytt narkobeslag, denn gongen i Årdal.

I ein bustad blei det funne fleire  ulike typar narkotika, emllom anna 100 gram hasj, GHB, valium og ecstasy.

Beslaget blei gjort fire dagar etter beslaget av 580 gram hasj i Sogndal, og politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, stadfestar at politiet no prøver å finne ut av om beslaga i Årdal og Sogndal har ein samanheng.

Artikkeltags