Politiet i storaksjon mot narkomiljø

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Etter å ha fått opplysningar om større mengder ecstasy og amfetamin i omløp, aksjonerte politiet på ei adresse.

DEL

Til saman ti personar vart arresterte og ein vart varetektsfengsla under aksjonen til politiet i oktober. Opp til 80 ecstasy-tablettar vart beslaglagt, i lag med rundt 20 gram hasj, skriv Firda

Saka vart først omtala av NRK.

Farleg rusmiddel

– Det er over ti år sidan ecstasy var eit mykje brukt rusmiddel, og i dag er det ikkje særleg vanleg. Skadeverknadene gjorde sjølv brukarmiljøet skeptisk. Derfor vart vi spesielt uroa når det dukka opp igjen her.

dag fiske lennsmann førde og naustdal lennsmannskontor politi

dag fiske lennsmann førde og naustdal lennsmannskontor politi Foto:

Det seier lensmann i Førde, Dag Fiske til Firda. Han fortel at dei fekk fleire meldingar som gav grunnlag for å aksjonere. Å stoppe tilførsel av stoffet og hindre vidare spreiing var nokre av måla med aksjonen.

Dei arresterte varierte i alder frå 18 til 30 år, og fleire slo ut på amfetamin og andre rusmiddel på prøvene. Personane var alle kjenningar av politiet frå før.

Rusmiddelet er kjend for sitt varierande innhald og alvorlege biverknadar, som psykose og hallusinasjonar. Pillene politiet beslagla inneheldt fleire forskjellige verkestoff.

Stoppa tilførselen av partydopet

Etter fullført aksjon trur og håpar politiet dei midlertidig har stoppa tilførselen av det farlege partydopet. Politiet har også starta førebyggande arbeid med ungdom dei har sett i miljøet.

– Vi såg at det begynte å trekke til seg yngre personar. Vi kalla derfor inn til bekymringssamtalar med vedkommande og deira foreldre, seier Fiske.

Mannen politiet meiner står bak tilførselen av rusmidla til Sunnfjord, har ei veke igjen av varetektsfengslinga. Han er lokal og er eit kjend fjes for politiet. No arbeider dei med å hente inn fleire opplysningar rundt forholda, og den pågåande etterforskinga kan føre til fleire pågripingar, fortel Fiske.

Artikkeltags