Får Kinn kommune eit marint forskingssenter? Svaret kan kome tysdag

KAN BLI AVGJORT TYSDAG:  Randi Humborstad I Måløy Vekst (t.h.) kryssar fingrane for økonomiske etableringsstøtte frå fylkespolitikarane når dei møtest tysdag 4. desember til fylkesting. Her saman med Lone Bareksten i florøbaserte Aksello.

KAN BLI AVGJORT TYSDAG: Randi Humborstad I Måløy Vekst (t.h.) kryssar fingrane for økonomiske etableringsstøtte frå fylkespolitikarane når dei møtest tysdag 4. desember til fylkesting. Her saman med Lone Bareksten i florøbaserte Aksello. Foto:

Av

FLORØ: Tysdag skal fylkespolitikarane seie ja eller nei til ei løyving på 20 millionar kroner til eit marint forskingssenter i Måløy.

DEL

Tysdag skal fylkespolitikerane i Sogn og Fjordane bestemme om dei skal bidra til å etablere eit marint forskningssenter i Måløy, skriv Måløy Vekst i ei pressemelding.  Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad har forventningar til søknaden om 20 millionar kroner som dei folkevalde no må ta stilling til.

- Realiseringa av eit marint forskningssenter vil vere avgjerande for å skape eit framtidsretta næringsliv, nye arbeidsplassar og et levedyktig samfunn på kysten, slår Humborstad fast.

Måløy vil utarbeide eige forskingsmiljø 

Som Firdaposten melde tidlegare i haust, har ein allereie kome langt i planlegginga av senteret, der det mellom anna er inngått samarbeidsavtale med Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås (NMBU) og Norges Veterinærhøgskule. Fleire lokale investorar er på bana, men eit bidrag frå fylkestinget 4. desember vil truleg vere avgjerande for framtidsplanane.

I tillegg til at eit marint forskningssenter vil styrke lokalt næringsliv, vil det også gi eit løft for dei vidaregåande skulane på kysten, og generere nye attraktive arbeidsplassar.

Målet til dei som no jobbar med forskingssenteret, er å skape 35 nye arbeidsplassar innan 2023.

Artikkeltags