Næringslivs-ja til nye bomprosjekt

BUDSJETTVINNAR IGJEN: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

BUDSJETTVINNAR IGJEN: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Liv Signe Navarsete vil få presentert fleire samferdslekrav frå næringslivet når ho kjem til Florø.

DEL

Krava er oppstartsløyvingar til Bremanger 2, ny brukarfinansiert kystveg mellom Måløy og Florø – og opprusting av E39, også dels gjennom brukarbetaling.

Næringslivsorganisasjonane spissar no profilen inn mot samferdsleminister Liv Signe Navarsete sitt besøk i Florø 10. oktober.

– Frå alle politiske leirar blir det signalisert vilje til auka satsing på samferdsle. Då må vi ha konkrete prioriteringar klare, seier leiar for Flora Industri og Næringsforening, Bjørn Hollevik.

Han er overtydd om at debatten om bompengar eller ikkje på store vegprosjekt høyrer fortida til.

– Vi kjem ikkje utanom. At det no er organisasjonar som representerer bedrifter med over 15.000 tilsette i fylket som tek til orde for ei delvis brukarfinansiert løysing, meiner eg er eit tydeleg signal, seier Hollevik.

Artikkeltags