Rigg på veg til Florø

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Etter det Firdaposten kjenner til, skal den Saipem-eigde riggen Scarabeo 5 vere på veg til Florø og Westcon. Forventa ankomst skal vere i midten av kommande veke.

Scarabeo 5 vart i 2016 henta ut av opplag, der den hadde lege sidan 2014. Den vart då brukt til vedlikehald av ein produksjonsbrønn på Snorre-feltet (Statoil). Dei siste månadane riggen vore forsynt frå Florø, då den har lege på Byrding-feltet (knytt opp mot Troll-feltet) og bora.

Riggen, bygd i 1990, er eit kjent syn i Florø, då den mange gongar har lege i Rotasundet for vedlikehald, seinast i 2014.

Sist Westcon hadde rigg til kai, var då Bideford Dolphin låg der frå juli til september i fjor.

Plassjef Mikael Johansen ved Westcon vil ikkje bekrefte at Scarabeo 5 kjem:

- Vi er i forhandlingar om mottak av riggen.

Artikkeltags