Kjøper truleg Pelagia-bygget

Alex Vassbotten og Steinvik Fiskefarm held fram med å gjere investeringar i nærmiljøet sitt.

Alex Vassbotten og Steinvik Fiskefarm held fram med å gjere investeringar i nærmiljøet sitt.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sildemottak kan bli innovasjonssenter for havbruk.

DEL

Steinvik Fiskefarm AS kan bli ny eigar av det nedlagte Pelagia-anlegget i Gunhildvågen i Florø. Det stadfestar selskapa i ei pressemelding onsdag morgon. Forhandlingane om overtaking har pågått i lang tid mellom det lokaleigde oppdrettsselskapet Pelagia-konsernet, men no har nye brikker falle på plass.

Steinvik Fiskefarm inngjekk måndag ein opsjonsavtale om mulig kjøp av anlegget, og det skal no jobbast med ein plan om kva bygget skal brukast til, og ein konklusjon skal på bordet innan 1. november. Her vil Vidar Vårdal bli fristillt frå Flora kommune og skal jobbe som leiar for prosjekteringsarbeidet.

Kan bli opp mot 60 arbeidsplassar

Eitt av krava Pelagia har stillt, er at det ikkje skal drivast konkurrerande pelagisk aktivitet på anlegget, og no ser Steinvik Fiskefarm på andre alternativ, som vidareforedling av laks og aure, produksjon av mikroalgar til laksefôr, frysehotell for fisk eller å skape eit innovasjonssenter for havbruksnæringa i bygget.

I pressemeldinga frå Steinvik og det kommunale næringsselskapet Aksello, blir det spådd 20 til 30 nye arbeidsplassar på kort sikt, og opp mot det doble innan fem til åtte år.

– Det har vore ein fryd å samarbeide med Steinvik om dette prosjektet. Å ha lokale investorar med kunnskap og kompetanse i verdsklasse, finansielle musklar og eit stort nettverk er ufatteleg verdifullt for ein region som vår, seier fungerande dagleg leiar Arne Olsen i Aksello. Han er sjølv den som har leia arbeidet med å få på plass ny aktivitet.

Også politisk blir det jubla i dag:

- Denne løysinga vil vere fantastisk for Florø og regionen. Lokale eigarar og lokal verdiskaping, mange titalls nye og heilårs arbeidsplassar, stadfesting av Florø og Gunhildvågen som eit regionalt senter for havbruk og fiskeri; dette er ein gledens dag for oss alle, seier ein godt nøgd floraordførar Ola Teigen.

Steinvik Fiskefarm (SF) skal eige eigedomen og leige den ut til ulike leigetakarar. SF skal ikkje ha eigen aktivitet i bygget. Det er stifta eit eige selskap som skal eige eigedomen, namnet blir  Kinn Maritime Industripark.

Har satsa over 100 millionar

Alex Vassbotten peikar på at mykje arbeidet framleis står att før Pelagia-satsinga er heilt klar.

- Av dei aktuelle bruksområda og satsinga for Gunhildvågen; kva brenn du mest for sjølv?

- Eg har lyst å skape lokale arbeidsplassar. Difor blir eit foredlingsanlegg for laks og aure heilt avgjerande å ha i botn. Det er denne grunn-logisitikken vi må få på plass og byggje vidare på, stein for stein, seier Vassbotten.

For Vassbotten-familien og Steinvik Fiskefarm blir 2017 uansett eit merkeår. I løpet av året vil tre nye storsatsingar, utanom ei eventuell Pelagia-satsing bli formelt opna og sett i drift.

- Vi har bygt ny base inne på Seljeset, vi har nytt anlegg i Barlindbotn og vi har rognkjeks-satsinga i Svelgen. Til saman har verksemda vår investert i overkant av 100 millionar på desse prosjekta, seier ein offensiv Vassbotten.

Artikkeltags