Sunde saksøkjer Sparebanken Sogn og Fjordane

GÅR RETTENS VEG: Sturle Sunde vil no prøve saka si i retten, etter at han igjen - trass godkjenning frå Finanstilsynet - får nei til å opprette bedriftskonto i Sparebanken Sogn og Fjordane.

GÅR RETTENS VEG: Sturle Sunde vil no prøve saka si i retten, etter at han igjen - trass godkjenning frå Finanstilsynet - får nei til å opprette bedriftskonto i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Av

FLORØ: Bitmynthandlar Sturle Sunde får framleis ikkje opprette bedriftskonto for verksemda si, trass i at Finanstilsynet har gjeve tommelen opp for kvitvaskingsrutinane til verksemda. No går Sunde rettens veg.

DEL

Etter at vekslingstenester for virtuell valuta vart rapporterings- og registreringspliktige etter kvitvaskingslova, vart Sunde bitmynthandel registrert på fyrste registreringsdag. Då har Finanstilsynet gjennomgått og godkjent kvitvaskingsrutinane.

Men ei slik godkjenning gjer tydelegvis ingen skilnad for Sparebanken Sogn og Fjordane, som ifølgje Sunde igjen har gitt verksemda avslag om å opprette bedriftskonto. Dei viser ifølgje Sunde til at dei ikkje har system som set dei i stand til å gjennomføre kundekontroll og følgje transaksjonane slik dei er pålagde etter kvitvaskingsreglane.

- Det er oppsiktsvekkjande at banken ikkje har system for å gjennomføre kundetiltak etter kvitvaskingslova. Det er eit krav eg oppfyller frå sofaen heime i Florø, skriv Sunde i ei pressemelding.

Då Finanstilsynet godkjende Sunde bitmynthandel som vekslingsteneste for virtuell valuta, skreiv Finanstilsynet:

"Som registrert veksler av virtuell valuta er virksomheten nå underlagt tilsyn, og Finanstilsynet forventer at driften skjer over bedriftskonto der alle transaksjoner har tilknytning eksklusivt til virksomheten. Vi forutsetter at slik konto etableres snarlig etter registrering."

Bitcoin-Sturle blir bølla frå å investere grønt på privaten 

I innstillinga til ny kvitvaskingslov uttalte ein samla stortingskomité: "Komiteen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundeforhold bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttømde. Retten til å drive næring er grunnlovsfesta (grl. § 110) i Noreg. Bankkonto er i praksis eit vilkår for å drive næring, som Finanstilsynet understrekar med sitt krav."

- No har eg søkt om bedriftskonto i meir enn fem år, og har berre avslag og manglande svar å vise til. Både prisen og risikoen med ei rettssak mot ein motpart med nesten uavgrensa middel er høg, men eg ser ingen annan utveg enn å be Sogn og Fjordane tingrett om å vurdere om banken er friteken for å ha system for å gjennomføre kundetiltak, og om alle andre tiltak er uttømde, seier Sturle Sunde.

Firdaposten kjem tilbake med meir om saka.

Artikkeltags