Torsdag får digital-Allan sjølvaste digitaliserings-ministeren på besøk

MIDT I OPPSTARTEN: Allan Madsen og Peak Florø blir første stopp når digitaliseringsminister Nikolai Astrup kjem på besøk torsdag.

MIDT I OPPSTARTEN: Allan Madsen og Peak Florø blir første stopp når digitaliseringsminister Nikolai Astrup kjem på besøk torsdag.

FLORØ: Peak Florø er i støypeskeia, og torsdag får dei storfint besøk.

DEL

Allan Madsen jobbar for fullt med å etablere Peak Florø og fylle det gamle sparebankbygget med  digitalverksemder i kystbyen. Torsdag får han merksemd frå aller øvste hald når digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) kjem på lynvisitt.

Astrup svingar innom kystbyen midt på dagen torsdag, og Peak Florø-lunsj er første stopp med presentasjon frå Mercatus, før tuen går vidare til Flora vidaregåande skule. Der skal han møte elevar og bli intervjua, samt å fortelje om livet som digi-statsråd.

Astrup skal også innom 3d-animatørane i Haptiq og besøke Pixelwerk, før det blir middag på Quality Hotel som avslutning på florøbesøket.

Det er Vestland Høgre som er vertskap for besøket.

Artikkeltags