Polarny er inne i ein seig periode – har sendt ut varsel om permitteringar

I KINA: Gustav Johan Nydal i Polarny under ein av turane til Kina for å følge opp ombygggingsprosjektet som blei til juicetankaren «Citris Vita Brasil».

I KINA: Gustav Johan Nydal i Polarny under ein av turane til Kina for å følge opp ombygggingsprosjektet som blei til juicetankaren «Citris Vita Brasil». Foto:

FLORØ: Ventar på avklaring om nye prosjekt.

DEL

Det har vore ei seig tid for ingeniørselskapet Polarny Maritime D&E AS, etter at dei i fjor haust vart ferdig med sitt store juicetankarprosjekt. Det 12 mann store konsulentselskapet med base i Florø var då først i verda med å bygge om eit containerskip til juicetankar.

– Men no er vi inne i ein litt stille periode der vi avventar avklaring om ein del prosjekt, seier styreleiar Gustav Johan Nydal til Firdaposten og stadfestar at dei for vel ein månad sidan måtte sende ut varsel om permittering.

– Men eg håper vi kan unngå å gjennomføre permitteringane, seier han.

Florø-ingeniørane i Polarny har gjort noko ingen andre har gjort før

Selskapet går som det grin. I 2017 hadde selskapet eit årsresultat på 2,4 millionar kroner, mot 702.000 kroner året før. Men det svingar veldig i ein bransje som jobbar frå prosjekt til prosjekt. Og det er det Polarny Maritime D&E byrjar merke no; dei går frå å ha frykteleg mykje å gjere til nesten ingenting. Og som eit konsulentselskap som jobbar frå prosjekt til prosjekt, er det ingen faste inntekter.

– Det er den harde verkelegheita med å vere eit prosjektbasert konsulentselskap i det private næringsliv, seier Nydal.

Men det er inntil vidare prosjekt i ordreboka å jobbe med.

– Vi har ulike skipsprosjekt, forprosjekt og andre prosjekt å gjere. Så det er prosjekt å jobbe med, men ikkje alle gjer pengar i kassa på kort sikt, strekar Nydal under.

Artikkeltags