Foreslår grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Det provoserer

HAVBRUKSANLEGG: Anlegg for lakseoppdrett med spesialbåtar for fiskeoppdrett utanfor Hitra, på trøndelagskysten.

HAVBRUKSANLEGG: Anlegg for lakseoppdrett med spesialbåtar for fiskeoppdrett utanfor Hitra, på trøndelagskysten. Foto:

Av
DEL

Det regjeringsutnemnte skatteutvalet foreslår å innføre grunnrenteskattlegging for norsk oppdrettsnæring, skriv Fiskeribladet. Det provoserer laksenæringa.

– Dersom utvalet foreslår å innføre ein statleg grunnrenteskatt, og svekke eller avvikle Havbruksfondet, så vil det vere eit brot med norsk industripolitikk og distriktspolitikk, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Noreg til avisa.

Havbruksskatteutvalget vart utnemnt i september fjor og er leidd av Karen Helene Ulltveit-Moe. Utvalet har vurdert korleis eit skattesystem for havbruk bør utformast.

Ikkje samrøystes konklusjon

Måndag klokka 10.00 legg utvalet fram innstillinga si til finansminister Siv Jensen (Frp). Hovudkonklusjonen blir ifølge Fiskeribladet ei tilråding om å innføre grunnrente på norsk oppdrettsnæring.

I dag er det berre olje- og vasskraftnæringa som betaler skatt på det økonomane kallar grunnrente, det vil seie dei ekstra inntektene selskapa har ved å utnytte ein naturressurs.

Debatten dreier seg om i kva grad fiskeoppdrettarar òg skal betale denne grunnrenta, populært kalla lakseskatt. Både Venstre og Høgres landsmøte seier nei til den såkalla lakseskatten. Også Frp er kritiske.

Utvalet skal ikkje ha vore samrøystes i konklusjonen, men Ulltveit-Moe har ikkje ønskt å kommentere konklusjonen frå utvalet før måndag.

Måndag morgon responderte børsane negativt på framlegget, og store oppdrettsselskap som til dømes Mowi, opplevde fall på fleire prosent i aksjeverdiane.

(©NPK)

Artikkeltags