I rute med stor oljeutvinning rundt Gjøa: Denne riggen skal bore Duva

SKAL BORE: «Beacon Atlantic» skal driftast av Odfjell Drilling i boreperioden rundt Gjøa.

SKAL BORE: «Beacon Atlantic» skal driftast av Odfjell Drilling i boreperioden rundt Gjøa. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Neptune Energy Norge har signert ein riggkontrakt for seks brønnar rundt Duva og P1 med CIMC Offshore AS.

DEL

Kontrakten gjeld leige av den halvt nedsenkberre boreriggen «Beacon Atlantic», som skal driftast av Odfjell Drilling. Det melder Neptune Energy i ei pressemelding tysdag.

Skal bore på Duva

«Beacon Atlantic» er konstruert for å operere under krevjande forhold, og vil difor vere eigna for å bore tre produksjonsbrønnar på Duva-feltet (tidlegare Cara-feltet) frå slutten av 2019. I tillegg vil riggen kunne bore ytterlegare tre produksjonsbrønnar i den nordlegaste delen av Gjøa-feltet, i det som blir kalla P1-segmentet. Neptune Energy Norge har i tillegg opsjon på å bruke riggen til andre produksjons- og/eller leitebrønnar.

– Med kontrakten for denne moderne riggen er vi i rute med utbygginga av Duva og Gjøa P1-felta, som begge er sentrale i vår norske Nordsjø-portefølje. Produksjonsstart på Duva er forventa i slutten av 2020 og tidleg 2021 for Gjøa P1, seier Odin Estensen, administrerande direktør i Neptune Energy i Norge.

SIGNERING: Wei Cui, markedsdirektør i Yantai CIMC Raffles Offshore Limited, Hans Edvard Tvedt, Vice President Business Development i Odfjell Drilling og Anne Botne, juridisk direktør i Neptune Energy Norge signerer kontrakten.

SIGNERING: Wei Cui, markedsdirektør i Yantai CIMC Raffles Offshore Limited, Hans Edvard Tvedt, Vice President Business Development i Odfjell Drilling og Anne Botne, juridisk direktør i Neptune Energy Norge signerer kontrakten. Foto:

Konstruert for tøffe farvatn

«Beacon Atlantic» er en ny borerigg konstruert for operasjonar på norsk sokkel. Riggen er bygd for effektiv boring av både produksjons- og leitebrønnar. 

– Neptune Energy har høge forventningar til «Beacon Atlantic». Riggen har halvtanna boretårns effektivitet. Dette gjør det mogleg å utføre parallelle operasjonar, noko som sikrar et effektivt boreprogram. I fellesskap med Odfjell Drilling har vi allereie kompetent personell til stades på verftet for oppfølging og gjennomføring. Riggen skal etter planen ferdigstillast sommaren 2019, og vil komme til første borestad i fjerde kvartal 2019, seier Erik Oppedal, prosjektdirektør for feltutvikling i Neptune Energy Norge.

«Beacon Atlantic» gjennomgår for tida endeleg klargjering og sjøprøver på CIMC Raffles Yard i Yantai, Kina.

Viktig for Florø

Ifølge Neptune Energy ventar dei å legge att langt over 200 mill. i regionen rundt Florø over utbyggingsperioden som varer i ca. 1,5 år. Dette inkluderer nesten ein dobling av helikoptertrafikken knytt til Gjøa, og ei mangedobling av dagens hamneaktivitet til Gjøa, med mellom anna ekstra forsyningsbåtar.

I tillegg kjem indirekte ringverknader, som auka tal flypassasjerar, fleire restaurantbesøk, fleire hotellovernattingar og generelt sett meir aktivitet som legg igjen pengar i lokalsamfunnet, ifølge Neptune Energy.

Fakta

Duva (PL 636)

Duva-feltet er lokalisert i den nordlege delen av Nordsjøen, seks km nordaust for Gjøa-feltet (12 km frå Gjøa-plattforma). Kortaste avstand til land er 35 km. Funnet blei gjort i utvinningsløyve 636 i august 2016 ved boring av brønn 36/7-4.
Lisenspartnarar:Neptune Energy Norge (30% og operatør), Idemitsu Petroleum Norge AS (30%), Pandion Energy AS (20%) og Wellesley Petroleum AS (20%).


Gjøa (PL 153)

Gjøa-feltet blei påvist i 1989, og en PUD blei levert og behandla av norske styresmakter i 2007. Feltet er bygd ut med fem havbotnsramme knytt til Gjøa, en halvt nedsenkbar produksjonsplattform, for prosessering og eksport. Produksjon starta i 2010. Olje blir eksportert med røyrleidning til Mongstad og gass med røyrleidning til St. Fergus i Storbritannia. Gjøa P1-segmentet ligg i nordre del av feltet.

Lisenspartnarar er: Neptune Energy Norge AS (30 % og operatør), Petoro AS (30 %), Wintershall Norge AS (20 %) OKEA AS (12 %) og DEA Norge AS (8 %).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken