Nor Tekstil skal bygge opp nytt kundesenter i Florø

Leif Gunnar Belsvik, konsernsjef i Nor Tekstil AS

Leif Gunnar Belsvik, konsernsjef i Nor Tekstil AS Foto:

FLORØ: Konsernet skal tilsette opp til fem nye i Florø.

DEL

Nor Tekstil skal bygge opp eit kundesenter i Florø, som skal handsame selskapet sine 10.000 kundar landet over frå dag til dag. I alt skal kundesenteret med base her ha mellom fire og fem tilsette. Det stadfestar konserndirektør Leif Belsvik til Firdaposten fredag.

– Det er med stor glede eg kan seie at vi no har bestemt oss for å satse endå meir i Florø, kor vi trass alt har hovudkontoret vårt. Når du bygger verksemd, bygger du ofte ut frå der du har ressursane, kompetanse og der du generelt er god, seier ein tydeleg stolt Belsvik og legg til:

– Vi har ganske mange kundar nasjonalt, og dette kompetansesenteret vi skal bygge opp skal ta vare på desse på best mogleg måte. Då må vi profesjonalisere det arbeidet vi allereie gjer på dette området.

Lyser ut ny sjefsstilling

Allereie no har dei ute ei utlysing på ei stilling som kundeservicesjef; ein person som skal vere med å bygge opp kundeserviceteamet. Vedkommande vil vere på plass seinast 1. juni.

– Og vi ser føre oss at kundesenteret er etablert tidleg på hausten 2018, skyt Belsvik inn.

Kor i Florø dette kundesenteret skal ligge, er framleis ikkje heilt avklart. Men ting kan tyde på at det vil ligge ved konsernet sitt hovudkontor i Industrivegen.

– Plasseringa må vi nesten komme tilbake til, men vi jobbar med tankar om utvida aktivitet i Industrivegen. Vi får sjå, seier Belsvik.

– Misser ikkje jobbane

Eit viktig mål for selskapet er at dei skal vere til stades der kundane er. Nor Tekstil har difor allereie små kundesenter lokalt ved fleire av selskapet sine 20 avdelingar. Dei som allereie jobbar med kundeservice misser ikkje jobbane sine når kundesenteret i Florø skal opprettast, presiserer konserndirektøren.

– Det er ikkje sånn at vi skal avvikle og bygge ned. Dette kundesenteret vil bli i tillegg til det vi har i dag; eit supplement for å bli betre på dei tenestene som er knytt til hundehandtering og vedlikehald av kundedatabasen vår, presiserer Belsvik.

Då Firdaposten snakkar med konsernsjefen på telefon, er han på veg heim frå selskapet sitt nyaste prosjekt: I april opnar Nor Tekstil AS eit nytt vaskeri på heile 8000 kvadratmeter. Dette ligg 20 minutt frå Oslo.

– Så vi jobbar med mykje spennande om dagen, seier Belsvik.

Men slike investeringar kostar sjølvsagt. Rekneskapstala for 2017 er framleis ikkje kommen, sjølv om selskapet er ferdig med årsoppgjeret. Men pilene peikar rett ved, for selskapet som i 2016 gjekk med eit overskot på 39 millionar kroner.

– Det har vore eit år med mange prosjekt, som bygginga av dette nye vaskeriet utanfor Oslo. Men alt i alt er vi tilfreds med resultatet for 2017, strekar konserndirektøren under.

Artikkeltags