Når Vekst i Vest-konferansen opnar på Quality Hotel i Florø torsdag, vil mykje handle om korleis ein skal demme opp for eit vidare fall i verdiskaping og antal arbeidsplassar i regionen vår, gjerne gjennom å tenkje nytt og skape nye, lønsame og framtidsretta jobbar.

No fryktar NHO-direktør i fylket, Jan Atle Stang, at politikarane er så pressa på grunn av flyktningebølgja som råkar Europa og Norge, at lite kloke avgjerder kan bli fatta.

- Eg er redd for at storting og regjering kuttar i arbeidsfremjande tiltak, til dømes millionar til ny infrastruktur. Det vil i så fall vere øydeleggjande for mange verksemder i vårt fylke, konstaterer Stang.

Samferdsle saldering?

Han er også overtydd om at det vil vere ei feil og ikkje minst kortsiktig strategi.

- Eg er sjølvsagt positiv til at vi skal ta vår del av byrda i den krisa vi no opplever, særleg flyktningestraumen frå Syria. Men då må vi ha økonomiske musklar til å gjere det skikkeleg. Det får ein ikkje om norske verksemder blir salderingspost, seier han.

- Men er det ikkje feil å setje bedriftsskattelette og samferdslemidlar opp mot det å hjelpe så svakt stillte grupper vi her snakkar om?

- Eg set dei ikkje opp mot kvarandre, men dette er ein realitet: Viss vi skal ta oss av flyktningar på ein god måte, må dei også integrerast i samfunnet vårt. Den sikraste og beste integreringa handlar om å få folk ut i arbeid. Viss vi no svekkjer norske bedrifter sine vilkår ytterlegare, vil ein allereie stram arbeidsmarknad bli endå strammare - og arbeid til nye landsmenn vil bli vanskeleg å skaffe. Faren er at dei hamnar nedst på søkjarlistene, konstaterer han.

Mange er uroa

Dilemmaet NHO-sjefen no tek opp, kjem ikkje til å vere noko offisielt tema under Vekst i Vest-konferanse i Florø. Men Stang kjem til å lufte problematikken undervegs med deltakarane på konferansen.

- Eg veit at saka uroar mange i næringslivet. Regjeringa skal no finne store summar til å handtere flyktningestraumen. Viss det no til dømes kjem kutt innan samferdsleløyvingar til vårt fylke, vil det kunne ha store konsekvensar for mange verksemder. Det vil igjen påverke vår evne til å hjelpe dei som kjem hit som flyktningar, trur Stang.

Permanent situasjon?

- Somme spår at det vi no ser, ikkje er ei kortsiktig krise og ein isolert flyktningestraum, men heller starten på ei stor folkevandring? Korleis kan vi møte ei slik utfordring?

- Eg ser ikkje bort frå at det stemmer. Vi kan fort stå overfor noko som er eit permanent problem. Eg trur sterkt på integrering gjennom ein open og inkluderande arbeidsmarknad - men då må også verksemdene våre få eit handlingsrom som opnar for dette. Først då kan vi snakke om flyktningane som det dei vitterleg er: Ein stor ressurs både for næringslivet og for samfunna våre, ikkje minst her i Sogn og Fjordane, avsluttar NHO-sjefen.