Boringa på Duva-feltet utanfor Florø er i gang

DEEPSEA YANTAI: Boreriggen til Odfjell Drilling er i gang på Duva-feltet 30 nm vest sørvest for Florø.

DEEPSEA YANTAI: Boreriggen til Odfjell Drilling er i gang på Duva-feltet 30 nm vest sørvest for Florø.

FLORØ: Laurdag starta boringa av Neptune Energy sin første Duva-brønn.

DEL

Det er boreriggen «Deepsea Yantai» som skal bore brønnen 30 nautiske mil vest sørvest for Florø, melder Neptune Energy i ei pressemelding. Boreperioden er planlagt å ta om lag 70 dagar.

Neptune startar med å bore topphol for produksjonsbrønnane på Duva-feltet, som er lokalisert 14 kilometer nordaust for Neptune sin Gjøaplattform. Deretter skal boreriggen bore ein såkalla geopilot inn i reservoaret. Denne skal samle inn data om reservoaret, informasjon som vil optimalisere boreprogrammet så mykje som mogleg.

– Dette er ei stor hending for Neptune. Vi samarbeider godt med Odfjell Drilling, som opererer «Deepsea Yantai». Dette er starten på fleire borekampanjar i Nordsjøen, seier direktør for boring og brønn Thor Andre Løvoll i Neptune Energy.

Duva sine utvinnbare ressursar er estimert til 88 millionar fat oljeekvivalentar, og er forventa å ha ein maksimum produksjon på rundt 30.000 fat oljeekvivalentar per dag.

Duva-feltet blir bygd ut med ei havbotnramme knytt opp mot eksisterande infrastruktur på Gjøa-feltet. Det er planlagt tre produksjonsbrønnar; to oljeproduserande og ein gassproduserande, med moglegheit for ytterlegare ein produksjonsbrønn til.

Etter boring på Duva-feltet vil «Deepsea Yantai» flytte seg berre nokre få kilometer for å bore avgrensings- og produksjonsbrønnar på Gjøa P1-feltet, som skal byggast ut parallelt med Duva-feltet.

Artikkeltags