Landstraum-støtte til verftet

Med utbygt landstraum, vil Westcon Yards Florø bli eit meir miljøvenleg skipsverft.

Med utbygt landstraum, vil Westcon Yards Florø bli eit meir miljøvenleg skipsverft. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Westcon Yards Florø er inne på lista over kaianlegg som snart vil få millionstøtte frå Enova for gode miljøtiltak. Det handlar om utbygging av landstraum tili fartøy som ligg ved kai, og Enova skal bruke totalt 118 millionar kroner i denne runden for å redusere utslepp frå skip.

Summen Westcon Yards Florø er tildelt, er like i overkant av tre millionar kroner, og at pengane og investeringane har effekt, er Enova ikkje i tvil om.

– Landstraum er ein viktig del av den omstillinga som maritim næring må gjennom. Heile sju prosent av klimagassutsleppa frå sjøfarten skjer medan skipa ligg heilt i ro ved kai, så landstraum kan kutte store utslepp. Det byggjer dessutan opp under batterirevolusjonen til sjøs, der anlegg på land med tida også vil lade skipa, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Det er 20 hamneanlegg som får Enova-midlar i denne tildelingsrunden. Også Wergeland Base AS (Gulen Industrihamn i Sløvåg) har fått støtte. Her er det løyvd 4,3 millionar til landstraum.

Enova og landstraum

Enova si støtte til landstraumanlegg er organisert som konkurransar.

Søknadene som tilfredsstiller utlysingskriteria blir rangert etter brukspotensialet til anlegget målt opp mot kor mykje støtte det er søkt om.

Neste konkurranse om støtte til utbygging av landstraum blir lyst t no. Søknadsfrist er 20. september, og Enova tek sikte på å offentleggjere vinnarane innan nyttår.

Artikkeltags