Kristian er klar for yrkes-NM

Kristian Tonheim utdannar seg til industrimekanikar og skal delta i NM i yrkesfag i Bergen kommande veke.

Kristian Tonheim utdannar seg til industrimekanikar og skal delta i NM i yrkesfag i Bergen kommande veke. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Utan yrkesfag hadde ikkje verda gått rundt.

DEL

Kristian Tonheim frå Florø er ein av lærlingane som no førebur seg på å delta i yrkes-NM i Bergen kommande veke, der han har moglegheit til å kvalifisere seg til VM i Abu Dabhi i oktober neste år.

Fagleg sterk lærling

Det var ikkje industrimekanikarlærlingen Kristian sjølv som kom på ideen med å melde seg på yrkes-NM. Men tidlegare i år deltok han i ein lokal skulekonkurranse for yrkesfag der ein mellom anna kunne kvalifisere seg til nettopp NM, og her utmerka han seg ved å levere ein så og seie feilfri teoridel.

Dette fekk Geir Johme ved Pro Opplæringskontor for industri og teknologibedrifter i Førde til å kontakte både lærlingen og arbeidsgjevaren hans: Kristian måtte til NM. Dei siste vekene har gått med til førebuing.

- Eg har øvd, repetert og fått god oppfølging av både lærebedrifta og opplæringskontoret, fortel Kristian. '

Han har òg vore på Flora vidaregåande og fått undervisning der. Målet er å komme så langt i NM at han vert tatt ut til å delta i VM neste år, noko som vil bety mykje for han.

- Det vil vere ei god erfaring å ta med seg vidare, og magefølelsen er god, den. Eg er ikkje nervøs, og ser verkeleg fram til dette uansett kor bra eller dårleg det måtte gå. Eg er berre glad eg har nådd så langt som eg har gjort no.

Til dagleg jobbar Kristian på Bilfinger IS Norway AS i Svelgen og sjefen hans, Svein Arne Sandvik, vart raskt overtydd om at den fagleg sterke lærlingen hans vil gjere ein god jobb i NM.

Hjelper på rekrutteringa

- Det er viktig å profilere denne type konkurransar, som igjen er med på å synliggjere den faglege kompetansen våre lærlingar har, og ikkje minst bidra til at yrkesfaga vert meir synlege, seier Sandvik.

Han omtaler Kristian som ein fagleg dyktig lærling som han har klare forventningar til.

- Eg trur dette er eit svært viktig bidrag til å få fleire til å søke seg inn på yrkesfag-retningar når dei startar på utdanningsvegen, seier Sandvik.

Rekruttering til yrkesfag er eit viktig punkt for fleire bedrifter, ettersom prognosar viser at Norge kjem til å mangle mange fagarbeidarar i framtida.

- Utan yrkesfag og praktisk arbeid hadde ikkje verda gått rundt. Eg gjekk for yrkesfag fordi eg er best praktisk og ser moglegheiter for framtida. No har lærebedrifta og opplæringskontoret bidrege med knallgod oppfølging og hjelpt meg å bli så godt førebudd som mogleg før konkurransen. Det er eg takksam for, seier Kristian.

Yrkes-NM

Blir arrangert av WorldSkills Norway.

WorldSkills er ein ideel organisasjon som arbeider for å auke statusen, interessa for og kvaliteten på norsk yrkesutdanning.

Bak organisasjonen står NHO, LO, Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens Interesseorganisasjon (KS) og ei rekkje landsforeiningar, fagforbund, opplæringskontor, skular og kommunar.

WorldSkills har ansvar for det norske yrkeslandslaget som annakvart år deltek i dei internasjonale konkurransane EM og VM. I tillegg arrangerer WoldSkills yrkes-NM annakvart år i samarbeid med ein fylkeskommune.

I år går konkurransen i Vestlandshallen i Bergen med start måndag 17. oktober og finale torsdag 20. oktober.

Artikkeltags