Kvar femte ølflaske Vinmonopolet sel landet rundt, er bryggja av denne karen

Bryggerimeister Espen Lothe kan gle seg over nok eit år, der øla han lagar vinn fotfeste over store delar av landet.

Bryggerimeister Espen Lothe kan gle seg over nok eit år, der øla han lagar vinn fotfeste over store delar av landet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kinn-øl fell i smak landet rundt.

DEL

Kinn Bryggeri har heile ni øl inne på lista over dei 50 mest selde ølsortane hjå Vinmonopolet gjennom 2017. Det viser ei oppsummering over Vinmonopolet sitt sal gjennom fjoråret.

Og nordmenn er framleis ølhundar. Salet på Vinmonopolet aukar, og i fjor blei det selt vel 2,71 millionar liter øl på polet. Det er ein auke på 96.000 liter, eller knappe fire prosent.

Vestkyst går best

Det er Kinn sitt IPA-øl «Vestkyst» som ligg høgast på lista, med ein sterk åttandeplass, i konkurranse med store aktørar som Hansa, Ringnes og danske Faxe. Denne Kinnøl-typen gjekk det heile 36.391 liter av ut frå Vinmonopolet i fjor.

Også Kinn sitt slåtteøl hevdar seg godt, og hamnar på ein 15.-plass.

Svensk gull i fjor

Dei andre øla til Kinn som hamna på bestseljarlista er desse: Kinn Gamleguten (21. plass), Kveldsbris (35.), Julefred (37.), Saison Extra (38.), Pryl (42.), Solsnu (43.) og Tomasmesse (48.).

Øvst på bestseljarlista kom det svenske ølet Kröleins Stockholm Fine Festival Beer, med vel 84.000 selde liter, rundt 5000 liter meir enn av tradisjonelle Hansa Sterkøl.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken