Havlandet Marin Yngel (HMY) skal igjen produsere torskeyngel for torskeoppdrettsnæringa. Det melder nettstaden kyst.no.
Det skjer samtidig med at den første slakteklare oppdrettstorsken blir sendt ut i marknaden på ti år. Det er nye og betre marknadsutsikter, samt ny teknologi som gir produsentane på Botnastranda ny tru på næringa, som dei la bort satsinga på i 2014.
Til kyst.no forklarar dagleg leiar i HMY, Halvard Hovland, at dei har teke vare på stamfisken i anlegget sidan produksjonsstoggen i 2014, og at dei såleis er klare for å levere yngel til torskeoppdrettarar i løpet av våren 2018.

- Vi må gjere det betre enn sist gong
Det er INC-Gruppen som er eigar av Havlandet Marin Yngel, og det har sidan oppstarten i 2000 blitt investert tresifra millionbeløp i å utvikle teknologi og produksjonsmåtar for oppdrett av torsk i framtida.
- Mange av eigenskapane hjå oppdrettstorsken er forbetra sidan oppstarten, og vi har lukkast med å skape eit husdyr på få generasjonar, seier HMY-sjef Hovland til kyst.no.
Hovland strekar likevel under at det er ein liten marknad som no rører på seg att.
Kommentarer til denne saken