Ny august-rekord for lakseeksporten

Stadige rekordar: Norsk laks er, trass høge prisar, framleis etterspurd vare.

Stadige rekordar: Norsk laks er, trass høge prisar, framleis etterspurd vare. Foto:

Av

FLORØ: Selde laks ut av Norge for seks milliardar på 31 dagar.

DEL

Norge har eksportert 178.000 tonn sjømat for totalt 8 milliardar kroner i august, viser tal frå Sjømatrådet. Volumet var på same nivå som august 2017, medan eksportverdien auka med 463 millionar kroner eller seks prosent, sammenlikna med august i fjor. Hittil i år har Norge eksportert 1,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 63 milliardar kroner. Eksportvolumet auka med 11 prosent, medan verdiveksten var på 4,5 prosent.

- Framleis vekst i etterspurnaden etter norsk laks gir ny eksportrekord for august månad. Polen og USA var dei største vekstmarknadene for laks i august, samtidig som Frankrike framleis er blant dei største marknadene, seier Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt i Sjømatrådet.

Norge har eksportert 100 000 tonn laks til ein verdi av seks milliardar kroner i august. Veksten i eksportvolumet var 10.500 tonn eller 12 prosent. Verdien auka med 500 millionar kroner eller ni prosent i forhold til august i fjor. Hittil i år er det eksportert 672.000 tonn laks til en verdi av 43,8 milliardar kroner, går det fram av meldinga frå Sjømatrådet.

Artikkeltags