No er dei ikkje lenger Fram Flora

Lone Bareksten - Fram flora blir til Aksello frå 1. mars.

Lone Bareksten - Fram flora blir til Aksello frå 1. mars. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Får større nedslagsfelt og nytt namn.

DEL

Strategiske grep gir næringsselskapet ny drakt og nytt innhald, fortel dei i ei pressemelding:

Blir fylkesdekkande og tilbyr førstelinjetenester til fleire kommunar enn Flora.

Prioriterer havrommet, smarte samfunn og fornybar energi. 

Stadfesta som inkubator i seks nye år

Inviterer fleire inn på eigarsida

Nytt namn: Aksello

Godt planlagd endring

Dagleg leiar Lone Bareksten fortel at dei har jobba med dei strategiske grepa meir eller mindre gjennom heile 2016.

- Vi såg at for å vere aktuelle som inkubator, trengde vi eit større nedslagsfelt. Då vi søkte Siva (Selskapet for Industrivekst SF, journ. anm.) om ny inkubatorsatsing måtte vi sjå på dette, og vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei både på korleis vi jobbar og at vi vil bruke kunnskapen vår over eit større område, fortel Bareksten.

I dette ligg òg at dei vil samarbeide med andre, mellom andre Kunnskapsparken som er den einaste andre inkubatorverksemda i fylket.

Slik trenden elles i samfunnet er, ønskjer ein ikkje å late seg avgrense av dei eksisterande kommune- og fylkesgrensene.

- Det er grunnen til at eigarar og styre har vore såpass konkrete i utforming av strategi - det er påverka av endringar i kommune- og regionsstruktur rundt oss. Og vi føler vi er ute i rett tid, slik sett, sler Bareksten fast. Også namneendringa frå Fram Flora til Aksello har same begrunning:

- Vi har sett at namnet Fram Flora verkar avgrensande når vi skal jobbe utanfor Flora sine grenser. Aksello fristiller oss meir.

Inviterer nye eigarar

Sjølv om nedslagsfeltet vert større, vert dei ikkje fleire.

- Nei, noko av poenget er å sjå og utnytte ressursane som fins der ute. Det sit mykje kompetanse rundt i lokale næringsselskap, seier ho.

Den daglege leiaren ser det også som naturleg at ein har ekstra fokus på havrommet.

- Det er også noko som har lege i strategiarbeidet. Historisk har vi jobba mykje med det maritime, og innanfor oljebransen, og den siste tida har vi sett ein auke innanfor det marine. Fleirtalet av dei som nyttar seg av inkubatortenestene satsar også marint, fortel ho og legg til at spissinga også går mot smarte samfunn og rein energi.

Samstundes understrekar Bareksten at dei på ingen måte avviser andre bransjar:

- Vi vil også spele på ressursar utanfor selskapet vårt, for vi har mange eksterne rådgjevarar - og desse vil det antakeleg berre bli fleire av.

Næringsselskapet er per i dag eigd av industriverksemdene Westcon Yard, Saga Fjordbase, Statoil og Engie, samt Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Også Flora kommune og nemnde Siva er eigarar. No inviterer dei fleire inn.

- Desse eigarane er veldig bevisste på at dei ønskjer å utvide nettverket, for å utvikle kunnskapen og kompetansen vår.

Artikkeltags