Banken og staten berga seg

 
Florø Mekaniske Verksted AS

Florø Mekaniske Verksted AS Foto:

Av

Det blei lite att til kreditorane til Florø Mekaniske Verksted, etter at banken og Innovasjon Norge har fått dekt sine krav i samband med konkursen i selskapet.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Florø Mekaniske-konkursen:Verken Sparebanken Vest eller Innovasjon Norge tapte ei einaste krone på konkursen hjå Florø Mekaniske Verksted på tampen av 2015, melder Fiskeribladet Fiskaren. Då konkursmeldinga kom rundt juletider i 2015, hadde ulike kreditorar krav på mellom 15 og 20 millionar kroner hjå verksemda, som på det meste hadde 180 personar i arbeid, med hovudtyngda på ulike skipsverft.

Framst i køen stod Sparbanken Vest og Innovasjon Norge, og det var Sparebanken Vest som kravde oppbod i selskapet. I følgje Fiskeribladet Fiskaren var det berre att verdiar for beskjedne 245.000 kroner då banken og Innovasjon Norge som prioriterte kreditorar, hadde fått dekt sine krav. Dermed blei det eit tap på 7,3 millionar kroner for resten av dei førsteprioriterte kreditorane, og eit tap samla sett for alle på rundt 15 millionar kroner.

Konkursen kom overraskande på mange då Firdaposten melde nyheita 25. desember for snart to år sidan. Dagleg leiar Ole Brandsøy forklarte nedturen med ei feilinvestering i nytt bygg på Botnastranda. Han slo også fast at konkursen kom på eit dårleg tidspunkt, sidan dei var over den verste kneika og såg lysning i marknaden og i situasjonen sin.

Artikkeltags