Tromsøværingar går tungt inn i Global Fish

Av

Nergård-konsernet får ein 40 prosent eigardel i selskapet som snart startar ny drift på Trolleskjeret.

DEL

Lofoten Viking Viking heiter selskapet som no overtek 40 prosent av Global Fish-konsernet. Lofoten Viking er eitt av selskapa kontrolert av det tromsøbaserte Nergård-konsernet, melder Fiskeriavisen Kyst og Fjord.

Det er Global Fish som har gjennomført ein retta emisjon, og det skal no opprettast eit felles salsselskap med namnet Global Fish Sales AS, som skal ha hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Trømsø.

Det nye salsselskapet skal omsetje alle pelagiske produkt frå dei to konserna, inkludert fisken som blir prosessert i Florø frå hausten av, men også fisk frå anlegga på Senja og Værøy.

Artikkeltags