Gå til sidens hovedinnhold

Nyutdanna, men utan jobb? Då kan ein januar-tur til Førde vere tingen

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Nav byr til stor jobbmesse i januar.

17. januar bør du merke av i kalendaren om du står på terskelen inn til arbeidslivet. Då arrangerer Nav Marknadsteam ei stor jobbmesse, for både jobbsøkjarar og bedrifter frå heile fylket.

– I fjor mønstra vi 52 verksemder og 500 arbeidssøkjarar, og det var vellukka. Fleire bedrifter melde i etterkant at dei fann kvalifiserte kandidatar til stillingar dei hadde ledig, fortel Arne Varden i Nav Marknadsteam.

No oppmodar han verksemder i fylket om å ta kontakt for å sikre seg plass på messa.

– Ynskjer du å profilere bedrifta di og kome i kontakt med arbeidssøkjarar som er klare til å gå ut i jobb, så ta kontakt med oss.  På messa møter du alle typar arbeidssøkjarar, både dei som skal skifte jobb og nyutdanna som ynskjer seg arbeid, seier Varden, som har ei ekstra gulrot til alle deltarar, både verksemder og jobbsøkjarar:

– Deltaking er kostnadsfritt for både bedriftene og arbeidssøkjarane.

Kommentarer til denne saken