Gå til sidens hovedinnhold

Nær 3 mill. til Svelgen sentrum

Artikkelen er over 12 år gammel

Totalramma for første byggesteget for eit finare Svelgen sentrum er på 2,9 millionar kroner.

Det første byggesteget omfattar oppgradering av området nærast fjorden, med promenade, sjøfront og tilkomst til vatnet mellom fylkeskaia og helsesenteret.

Bremanger kommune har fått 663 000 kroner i tettstadmidlar som delfinansiering av byggesteget, i tillegg har kommunen fondsmidlar avsette til føremålet.

Men framleis er det trong for ytterlegare 1,2 millionar kroner for å fullfinansiere prosjektet.

Torsdag skal politikarane i Bremanger ta stilling til korleis dei skal restfinansiere.

Etter rådmannen si tilråding blir pengane mest sannsynleg løyvde frå det kommunale næringsfondet.

– Eg meiner det er rimeleg å nytte næringsfondet, som skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrkje næringsliv og busetjing i kommunen. I vedtektene er også opprusting av kommunesentra nemnt som døme på grunnlagsinvesteringar som fondet kan nyttast til, skriv rådmannen i saksutgreiinga.