- Nanopartiklar kan vere farlege for miljøet

Jan Helge Fosså.

Jan Helge Fosså. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Havforskar Jan Helge Fosså meiner at gruveindustrien ikkje har grunnlag for å bagatellisere miljøtrugsmålet frå utslepp av nanopartiklar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Bakgrunnen er Naturvernforbundet sitt utspel om at nanopartikkelutslepp av titanoksid frå ei eventuell gruvedrift i Engebøfjellet er eit miljøtrugsmål som må utgreiast skikkeleg før løyve til drift kan gjevast.

Havforskar Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet i Bergen har følgt saka i mange år.

Han viser til ei anna kontroversiell gruvedriftsak. Gruvedirektøren for Nussir i Repparfjord protesterer og meiner at Naturvernforbundet er på ville vegar når dei meiner at nanopartiklar frå gruveindustrien kan vere miljøskaldelege.

Sjå Forskning.no om nanopartiklar.

- Her har Naturvernforbundet heilt rett, utan at eg kan gå god for alle detaljane i deira framstilling. Gruvedirektør Rushfeldt har feil. Utslepp av nanopartiklar frå gruveindustrien er ei reell problemstilling som det blir forska på i utlandet nettopp fordi dei er bekymra for miljøeffekten, påpeikar Fosså. .

Fosså viser til at industrielt framstilte nanopartiklar kan ha spesielle eigenskapar. Gruveindustrien slepper også ut nanopartiklar, såkalte minerale nanopartiklar som er eit resultat av bearbeidinga, nedmalinga av berget eller råvarene. I USA har dei starta eit eige forskingsprogram på effekten av gruveindustrien sine utslipp av nanopartikler. Resultat frå desse studiane finn betydelege mengder med minerale nanopartiklar i elvar som mottek avrenning frå nedlagde metallgruver. Det er også funne samband mellom partikkelstorleik og nivåe av skadelege tungmetall. Dei minste partiklane i nano-området har eit betydelig høgare relativt nivå av tungmetall enn større partiklar. Konklusjonen i studiane er at det trengst meir forsking og kunnskap på korleis minerale nanopartiklar påvirkar økosystema.

- Ein anna type industrielle nanopartikler som får stor merksemd er partiklar av titandioksid (TiO2-NP). Det er derfor grunn til å undersøke om minerale nanopartiklar frå titandioksidgruver som for eksempel Titania Gruver i Jøssingfjord eller den planlagde gruva i Førdefjorden kan ha eller få tilsvarande skadelege effektar på marine organismar, understrekar Fosså.

På den andre sida er næringsinteressene. Gruvedrift i Engebøfjellet vil kunne gje ni kommunar samla skatteinntekter på 40 millionar kroner og 300 arbeidsplassar.

Det viser ein rapport utarbeidd av SINTEF for Sunnfjord Næringsutvikling AS. Dei 40 millionane omfattar både gruvedrifta og leverandørindustrien.Dette kan variere med tre millionar pluss minus alt etter framdrifta og kor stor del av forsyningar som kjem frå lokale bedrifter. Dei ni kommunane som vil dra nytte av gruvedrifta er Flora, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Førde og Naustdal.

I følgje Nordic Mining vil ikkje utvinning av rutil i Engebøfjellet utgjere noko miljøtrugsmål.

Sjå video.

Artikkeltags