Namnet blir «Ocean Alden»

GODT I GANG: Slik såg prosjektet «Ocean Alden» ut for få dagar sidan. Gjøas nye stand by-fartøy blir sett saman av 27 prefabrikerte blokker etter «duploprinsippet», der alle elementa er produsert ved verftet nord for Shanghai. Foto: Sartor Offshore.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Jakob (2) har gitt namn til Gjøa sitt nye stand by-skip.

DEL

Når dåpen skal gjennomførast, blir vesle Jakob Mowatt truleg ein av heidersgjestene.

Stand by-kontrakten for Gjøafeltet er tildelt Hordaland-selskapet Sartor Offshore, og bygginga av eit nytt skip øyremerkt Gjøaplattforma pågår no for fullt i Kina.

Men om stålet er kinesisk og operatøren frå Hordaland, så blir i alle fall namnet på skipet skikkeleg lokalt.

- Vi køyrde ein namnekonkurranse open for alle våre norske tilsette, og vinnarnamnet blei «Ocean Alden». Eit skikkeleg godt lokalnamn, sidan Alden er eit gammalt seglingspunkt langs ruta som fartøyet skal operere i, seier kommunikasjonsdirektør Ulf Rosenberg i GDF Suez, som er godt nøgd med at nettopp ein florøværing vann namnekonkurransen.

Når det gjeld vinnarnamnet, så har nok Jakob fått litt eksperthjelp av mamma Vibeke Mowatt, som sjølv jobbar i GDF Suez i Florø.

- Dette er teamarbeid i familien, ja, ler Vibeke.

Artikkeltags