Mykje skryt til Florø

Stavanger var ein av dei første båtane som kasta loss søndag etter den flotte Fjordssteam festen i Florø

Stavanger var ein av dei første båtane som kasta loss søndag etter den flotte Fjordssteam festen i Florø

Artikkelen er over 7 år gammel

Fjordsteam arrangementet i Florø går truleg med nokre få tusen kroner i overskot. Og vart svært vellukka på alle vis.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

- Eit lite overskot. Kor mykje får du ikkje vite, men det er ikkje stort, opplyser økonomisjefen for helgas Fjordsteam arrangement, Rolf Grønnevik i Atløys venner

– Vi har berre fått skryt. Eg trur vi greidde å glede folk. Det gjekk betre enn vi hadde håpa på. Under mannskapsmiddagen var det og berre ros å høyre, oppsummerer Sander Ødelien, i Atløys venner og lokal sjef for Fjordsteam.

Ein av dei som rosar aller mest er medarrangør Øyvind Konglevoll, brannsjef frå Åsane som sjølv stod bak forgjengaren Nordsteam sitt stemne i Bergen for eit nokre år sida.

– På ein skala frå 0–10 vil eg seie 11. Florø har vist seg som ein ypparleg arrangør, seier Konglevoll. Han framhevar dei kort avstandane den intime atmosfæren og det at heile byen var med på festen.

Fleire hevdar at det aldri før har vore samla så mykje folke ute ved eit arrangement i Florø, fleire enn på dei største sildeborda

Søndag ettermiddag forlet dei siste veteranbåtane Florø

Artikkeltags