Thea er Spellemann-nominert som årets låtskrivar

DOBBELT NOMINERT: Thea Hjelmeland sitt namn dukkar opp to gonger i nominasjonane til Årets Spellemann 2018.

DOBBELT NOMINERT: Thea Hjelmeland sitt namn dukkar opp to gonger i nominasjonane til Årets Spellemann 2018. Foto:

FLORØ: Thea Hjelmeland er nominert til to spellemannprisar for «Kulla».

DEL

Førde-artist Thea Hjelmeland er blitt lagt godt merke til av årets jury for Spellemannprisen.

Hjelmeland figurerer som nominert i to kategoriar i oversikta over dei nominerte som juryen publiserte på Grand Hotel fredag.

Albumet «Kulla», som kom ut 28.  september i fjor, er nominert som årets plate i klassen alternativ/indie. I tillegg er Hjelmeland nominert til den høgthengande prisen «Årets låtskrivar».

I siste kategori skal ho konkurrere mot blant andre Ina Wroldsen, som i mange år har hatt stor internasjonal suksess som låtskrivar for verdsstjerner som Demi Lovato, One Direction og Britney Spears.

Av andre artistar frå vårt fylke som er nominert finn vi to, ein trompetist og ein trommeslagar. Stryningen Arve Henriksen er nominert i fellesskap med Eivind Aarset, Jan Bang og Jez Riley French til Tono sin komponistpris, for verket «The Height Of The Reeds», og Svein Inge Bjørkedal frå Førde er tommeslagar i bandet The Northern Belle som er nominert i kategorien country med albumet «Blinding Blue Neon».

Mange hadde venta at folkjazzartist Karl Seglem frå Årdalstangen skulle nå opp med den internasjonalt kritikarroste plata «Nunatak», men han er ikkje å sjå blant dei nominerte.

Oversikta over samtlege nominerte artistar og utgjevingar finn du her.

Spellemannprisen for 2018 blir delt ut 30. mars.

Artikkeltags