Andrew Leahey hadde ein svulst i hjernen og kunne mista hørselen. Onsdag startar han norgesturneen sin i Florø

KULTUR: I 2013 oppdaga legene ein svulst i hovudet hans. No hyller han livet på ny plate. Onsdag startar han norgesturneen sin på Vesle Kinn i Florø.

DEL

Musikk har alltid vore ein del av livet til Andrew Leahey. Familien hans sit på gamle kassettar med lydopptak frå ein tre år gamal Andrew som syng medan mora spelar piano. Som vaksen har han jobba som musikkjournalist, samtidig som han har stabla på beina ein karriere som musikar. Både som gitarist for andre, og som frontmann for sitt eiga band Andrew Leahey & The Homestead. Alt dette sto han i fare for å miste då doktorane oppdaga ein svulst i hovudet hans for nokre år sidan.

Slo hovudet i asfalten

Det starta med at han mista litt av høyrselen i det eine øyret etter å ha vore på turne sommaren 2013. Det kjendest som om nokon hadde stappa bomull i øyret og teipa igjen. Legen meinte det var eit virus og skreiv ut nokre medikament. Dei hjelpte litt på høyrselen, men Leahey blei ikkje frisk. I staden begynte han å føle seg svimmel. Ein dag han var ute for å handle gjekk han i bakken på parkeringsplassen og slo hovudet i asfalten. Etter det insisterte kona Emily på at han skulle ta ein MR-undersøking. Det var då doktorane fann svulsten. Det var ikkje ein kreftsvulst, men eit akustiskusnevrinom. Den lå på høyrslenerven, og utan behandling ville den halde fram med å vokse skape all verdas problem i framtida.

ROCKER: Andrew Leahey startar norgesturneen sin i Florø denne veka.

ROCKER: Andrew Leahey startar norgesturneen sin i Florø denne veka. Foto:

Med tanke på at Leahey var musikar, avhengig av høyrselen for å halde fram å arbeide, og dessutan var såpass ung, bestemte dei seg for å prøve å operere vekk problemet. Det var ein sjanse å ta. Legane åtvare om at sjansen for å miste høyrselen var 50–50. I tillegg må dei vanlegvis kutte balansenerven for å kome til. Andre biverknadar av operasjonen inkluderte eit mogleg tap av mimikken i andletet, men Leahey var heldig. Den ti timar lange operasjonen var vellykka. Dei slapp å kutte balansenerven, og høyrselen fekk han også behalde. Leahey var tilbake på turne etter tre månader- mot legens råd, og for ikkje så lenge sida kom det ein ny plate som har fått gjennomgåande gode kritikkar i amerikansk musikkpresse.

Superheltar

– Det gjer meg ikkje noko å snakke om svulsten no. Det er ei happy ending på historia. Å få diagnosen var eit sjokk, men samtidig var det godt å få vite kva som var galt med meg, og kva som måtte til for at eg skulle bli betre. Om hjernekirurgi berre var eit val hadde det vore vanskeleg å akseptere, men det var ikkje mogleg å kome utanom operasjonen om eg skulle overleve. Det gjorde det lettare å akseptere risikoen. Legene var fantastiske, dei redda livet mitt, og kona mi var fantastisk. Ho gjer livet verdt å leve.

Leahey kom ut frå operasjonen nesten utan varige men. Likevel har sjukdommen prega den unge musikaren.

– Eg mista nesten evna til å lage, høyre og sette pris på musikk, og det er ikkje til å unngå at det forandrar deg. Etter som eg fekk helsa tilbake blei eg dratt mot å skrive songar som feira livet. Songar som høyrdest like store og umiddelbare ut som dei songane eg høyrde på radioen som liten gut på slutten av åttitalet. Det er difor vi valde å kalle den nye plata for «Airwaves».

Leahey har henta inspirasjon frå den amerikanske heartland-rocken som hadde eit stort publikum også i Norge på åttitalet. Tom Petty, John Mellencamp, Bob Seger og Bruce Springsteen var kanskje dei fremste i rekka. Leahey hugsar dei som superheltar.

– Vi hadde ikkje kabel-tv då eg var liten, men storebroren min pleidde å gå over til ein venn av seg med ein blank VHS-kassett og ta opp to timar med MTV. Reklamar og alt saman. Vi såg dei videoane om igjen og om igjen i månadsvis. Eg elska Bruce Springsteen and the E Street Band. Dei såg ut som leikesoldatane mine. Springsteen var verkeleg veltrent, alle saman hadde bandanas og spelte framfor store amerikanske flagg. Dei såg ut som actionheltar!

Startar dansen i Florø

Det er denne musikken Leahey har henta tilbake på den nye plata, og som vi nok vil få høyre mykje frå når han koplar til gitaren på Vesle Kinn onsdag i denne veka. Andrew Leahey startar nemleg ein liten men intensiv norgesturne i Florø. Det er dei same folka som henta Elliot Bronson og Adrian + Meredith til Norge og Florø tidlegare i sommar som arrangerer turneen. Som med dei førstnemnde er det med andre ord snakk om turne på dugnad, der alle inntektene går til artisten.

Andrew Leahey kjem utan bandet sitt denne gongen. Han spelar solo, og på torsdag er det på det nærmaste utseld i Bergen, men i Florø er det framleis rikeleg med billettar tilgjengeleg måndag ettermiddag. Leahey seier at han alltid saknar bandet sitt når han spelar solo, men lover at dei som tek turen innom Vesle Kinn på onsdag ikkje vil bli skuffa.

– Eg skal være ærleg å innrømme at eg alltid saknar bandet når eg ikkje får spele med dei. Eg tenker på oss som eitt av dei siste ekte amerikanske rock'n roll-banda, og eg elskar kommunikasjonen vi har på scena. Men mesteparten av songane har eg skrive aleine, på ein akustisk gitar, og eg likar å spele dei på det viset. Når eg spelar aleine blir fokuset meir på songane og hjartet i musikken. Melodien, akkordskiftene og historiefortellinga. Eg håpar publikum i Florø blir fascinert, og kjøper med seg "Airwaves" heim for å høyre korleis songane høyrast ut med fullt band også, avsluttar den sympatiske musikaren.

Journalisten som har skrive saka er med og hjelper til med å hente Leahey til Florø, men har ingen økonomiske interesser i arrangementet.

Artikkeltags